SlogenMat
 

TRADISJONELL

GARDSMAT

PÅ SITT BESTE

 
  
 
 
 
 

 
 
Om oss:

Slogen Mat er namnet på vårt nyetablerte gardskjøkken her

på Tore-garden som ligg på Engeset i Stranda Kommune.

Tore-garden/Slogen Mat ligg 250m over havet og er siste

garden før Habostaddalen som er den mest brukte

utfartsvegen til Patchellhytta og Slogen.

Eigarar og driftarar av garden og Slogen Mat

er Astrid og Råger Engeset.

Vi har pr. i dag 90 vinterfora sauer

av rasen Norsk Kvit Sau og Spelsau.

 

Sommaren 2008 fekk vi våre første Skotske Høglandsfe

til garden, vi har no 4 kyr, 4 kviger, 2 okser, 3 fjorskalver,

4 årskalver og venter 2 til i sommer (2010).

Dette er ein rase som trivast best ute i det fri heile året.

Dei kjenneteiknast ofte på den rufsete og litt lange

pelsen og dei iaugefallande horna. Desse dyra er rolege og

vennlege, dei er ôg gode beiteryddarar, nøysomme og altetande.

 

Flokkinstinktet og streng rangordning gjer at flokken utviser tryggleik og ei svært roleg atferd.

Høglandsfeet produserer eit svært godt kjøt med viltpreg, men ikkje så

utprega som til dømes hjort.

Planen er å byggje opp stammen slik at vi kan slakte 10-12 dyr i året.

Beliggenheita av garden er slik at vi har eksepsjonelt gode og store

utmarks- og fjellbeiter til sauene våre og gode innmarks- og utmarksbeite for

høglandsfea.

Slogen Mat er eit nystarta gardskjøkken som er godkjent etter Mattilsynet sine

forskrifter.

Vi produserer følgjande produkt:

Speka Lammelår og bog, lammerull, pinnekjøtt, kokemør, røykt spekemør,

røykt vill-laks (russisk sockeye), einerøykt ørret, varmrøykt ørret,

Cognac og einebær gravet ørret, Lutafisk av torsk og røykt torsk.

Alle kjøttprodukta er produsert av våre egne råvarer, planen er å foredle alt

kjøttet frå Høglandsfea når vi starter å slakte i juni 2010.

 

 
 
 
 
NYHETER
 
 
   
© 2009 www.slogenmat.no - Webdesign: Thor-Gunnar Slettevoll